Winamp Logo
Tru og meining i gammal tid Cover
Tru og meining i gammal tid Profile

Tru og meining i gammal tid

Norwegian, History, 1 season, 74 episodes, 3 days, 9 hours, 9 minutes
About
Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendommen og før naturvitskap og psykologi? Vi skal særleg snakke om førkristen norrøn religion, samisk religion og det som blir kalla folketru, gjerne med ei eksistensiell vinkling. Eg som står bak er Eldar Heide, professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. Det blir samtalar mellom meg og lekperson Gry Offernes og intervju med forskarar frå dei ulike faga som dekker feltet. Vi vinklar det mot forsking og held oss tett på kjeldene.
Episode Artwork

74. Gamle vêrmerke – vås eller fornuft? Samtale med seglar Vegard Heide

Stemmer det at det blir mykje snø når det er mykje rognebær? Njä. Mange gamle vêrmerke er vel berre tull og tøys? Ja. Men korleis oppstod ideane då, og korleis kan sånne idear halde seg seigliva inn i vår meteorologiske tid? Det kan nok forklarast ut frå tendensar og behov i menneskepsyken. Og så er det massevis av gamle vêrmerke som er presise og nyttige den dag i dag. Faktisk kan vi, i gammal tradisjon, laga nye og nyttige vêrmerke baserte på skyfenomen som ikkje har eksistert før (!).   Andre stikkord: Vêrmerke / værtegn, meteorologi, segling, gandreið / ganfer / gandferd, bisol / parhelion, primstaven / runstaven, katolske messedagar, merralår / linseskyer, parodi, stjernehimmelen, Ørnulf Hodne, romarane, Langfjella / Kjølen, tabu, hundedagane, Sirius, Egypt i antikken. Innspela i Rissa 21.09.2024.
10/20/20241 hour, 22 minutes, 56 seconds
Episode Artwork

73. Bygdeborgene – mangetydige nøkkelanlegg. Samtale med arkeolog Ingrid Ystgaard

Korleis skal vi forstå bygdeborgene? Det etablerte synet er at dei er forsvarsanlegg. I episode 60 argumenterte Jan-Henrik Fallgren for at dei er kultanlegg, med utgangspunkt i Öland. Kor godt høver dette på norske forhold? – eller på resten av Sverige? Kvifor heiter bygdeborgene ofte slikt som Tjuvåsen, Røverkollen eller Slottet? Seier dette noko om funksjon i førhistorisk tid? Er eigentleg bygdeborg éin ting? Andre stikkord: Tanemsåsen, Hoøya i Selbusjøen, Ytraberget i Hafrsfjord, Lisjstenen, Vardåsen, Tjuvenborgen / Tjuvenborn, Steinberget i Eidfjord, Stein, liminale stader, Sverresoga, Snorre Sturlason, Bornholm, Odensala prästgård, Oluf Rygh, Michael Olausson, Hanne Lovise Aannestad, Anders Bornfalk Back, Tirpitz, Maginotlinja.
10/6/20241 hour, 22 minutes, 46 seconds
Episode Artwork

72. Gresk-romersk, norrøn og samisk religion i kontrast til kristendomen. Samtale med religionshistorikar Christian Hervik Bull

Gresk-romersk, norrøn og samisk religion reknar vi som etniske religionar. Kva har dei felles? Og på kva måtar skil dei seg frå kristendomen, som erstatta dei? Avstanden er større enn ein skulle tru, på nær sagt alle område, for det dreiar seg om heilt ulike religionstypar.
9/22/20241 hour, 45 minutes, 23 seconds
Episode Artwork

71. Rusmiddel i gammal tid. Samtale med kulturformidlar Eirik Storesund

Kva slag rusmiddel brukte folk i Norden i gammal tid? I kva situasjonar brukte dei rusmiddel? Kva samfunnsgrupper var det som brukte rusmiddel? Kvifor brukte folk rusmiddel? I denne episoden prøver vi å svara på desse spørsmåla basert på dei dataa vi har. Episoden er ikkje noko innlegg til støtte for rusmiddel. Stikkord: Øl, mjød, etymologi, honning, vin, bjor, alu, urnordiske runeinnskrifter, spytt, brygging, vanekrigsmyten, Kvase / Kvasir, lut, fiskeslo, cannabis, Oseberg, fleinsopp / nøgenhat / toppslätskivling, flugesopp, bulmeurt / bolmört / villrot, samisk noaide / noaidi / nåejtie, Håvamål 138-139, Isaak Olsen, joik / juoiggus, tromming, transe. Innspela i Bergen og New Jersey 2. september 2024.
9/8/20241 hour, 54 minutes, 18 seconds
Episode Artwork

70. Sakrale stadnamn og religiøst landskap

Mengdevis av stadnamn vi har rundt oss i dagleglivet vitnar om tru og kult i førkristen tid. Dei fortel om ei religiøs tolking av landskapet – det same landskapet som vi lever i i dag. Bli med på ei reise gjennom dette religiøse landskapet – eller gjennom litt av tankegangen som skapte det.
8/25/20241 hour, 48 minutes, 51 seconds
Episode Artwork

69. Nornene: Det er ikkje slik vi har lært. Samtale med formidlar Karen Bek-Pedersen

I norrøn mytologi er det ei gruppe på tre kvinner som blir kalla nornene og som representerer fortid, notid og framtid, og som spinn og vev lagnad / skjebne / öde for menneska. Det er i alle fall det vi har lært, det som står i bøkene og på nettet. Er det grunnlag for det synet i kjeldene? Nja, grunnlaget er nok ganske dårleg. Men nornene er spennande lell. Ingen slepp unna det nornene fastset.   Andre stikkord: Tekstilarbeid, spinning, veving, seid / seiðr, blodhemn, kvinnemakt, folkemeininga, omdømme, heltedikt, samfunnsnormer, lov og rett, juridiske metaforar, etymologi, islendingsoger, Soga om laksdølane / Laxdǿla saga, Gudrun Usvivsdotter / Kjartan / Bolle, Njålssoga, slaget ved Clontarf, akka-ene, Maadter­aahka, Saarahka, Oksaahka, Joeksaahka, sørsamisk religion, greske moirai, gresk mytologi, diser / dísir, fylgjer / fylgjur, folketradisjon, folkloristikk / etnologi, Urdr / Urd, Verðandi / Verdande, Skuld, nornagreytur, nonegraut, nornablettur, weird.   Karen Bek-Pedersen har doktorgrad i etnologi / folkloristikk frå University of Edinburgh, med tema nornene i norrøn mytologi, og er forfattar, føredragshaldar og omsetjar.   Innspela i Bergen 5. august 2024.
8/11/20242 hours, 6 minutes, 44 seconds
Episode Artwork

68. Lejre: Arkeologi og segnhistorie. Samtale med kulturformidlar Krister Vasshus

Korleis heng arkeologiske funn og tekstar saman når det gjeld den eldste historia i Norden? I dag ser vi på tilfellet Lejre, som ser ut til å ha vore sete for danske kongar frå folkevandringstida til 900-talet. Kva slag historier kan litteraturen fortelja om denne eldste historia vår? Og korleis oppstod ein stad som Lejre? Kvifor akkurat der? Er det noko med landskapet? Geografien? Finst det kanskje stadnamn som kan fortelja om det? Innspela i Lejre 18. juli 2024.
7/28/20241 hour, 43 minutes, 34 seconds
Episode Artwork

67. Medtaking til fiske. Samtale med tradisjonsberar, folkeminnesamlar og namnegranskar Finn Myrvang

Korleis fann folk fram dit fisken stod ute i sjøen før i tida? Og korleis fann dei tilbake til ein god fiskeplass? No har vi både ekkolodd og GPS, men før det? Jo, dei utforska landskapet på både land og sjø, og dei krysspeila mot punkt i landskapet. Rundt dette er det mykje artig tradisjon, både om stadnamn og fiskeplassar frå huldrefolket. Andre stikkord: Fiskelykke, fiskeplass, tabuspråk, hemmeleghald, huldrefolket, marmel / marmennil, medvers, Grímsmið, Soga om Bård Snæfellsås / Bárðar saga Snæfellsáss, Andøya, Vesterålen, Grytøya, Toppsundet, det er andre stadnamn når ein er på havet; klakk, skalle, grunne, snag. Innspela i Follo 21.12.2023.
7/14/202452 minutes, 11 seconds
Episode Artwork

66. Voluspå. Samtale med norrønfilolog Nina Stensaker

Voluspå er den viktigaste kjelda vi har til norrøn mytologi. Mange eddadikt gjev eit vell av viktige opplysningar om mytologien, men berre Voluspå set opplysningane saman til ei kosmisk  verdshistorie, frå skapinga av verda i grå fortid til undergangen langt der framme – og heilt til den nye verda atter stig av havet. I denne episoden gjev vi bakgrunn for diktet og går gjennom teksten nesten strofe for strofe.   Andre stikkord: Handskriftgransking, pergament, skriftkultur, Codex Regius, Snorre Sturlason, gudedikt, heltedikt, Ragnarok, apokalypse, gullaldermyte, brettspel, syklisk tidsoppfatning, jotunen Yme, vanekrigen, dvergane, Ask og Embla, verdstreet Yggdrasil, misteltein, Balder, Mime, Odin, Tor, Fenrisulven, Midgardsormen, Frøy, Vidar, Loke, Surt, kristendomen, Heimdall, iransk endetidstradisjon.   Innspela i HVLs Medielab 18. juni 2024.
6/30/20241 hour, 31 minutes, 42 seconds
Episode Artwork

65. Solkult i Noreg? Samtale med lokal entusiast Torill Kobberstad Eide

Solkulten i det gamle Egypt er godt kjend, med Ra som segla over himmelen om dagen og tilbake gjennom underverda om natta, og tempel der sola skin inn gjennom korridorane til altaret to gonger i året. I Irland og på Orknøyane er det gravhaugar frå steinalderen der sola på vintersolkverv skin heilt inn ein gang til botnen av gravkammeret.   Har vi noko liknande hos oss? Ja, vi har norrøne mytar som liknar dei egyptiske, om transport av sola over himmelen. Og i fleire tilfelle er arkeologiske monument plasserte på det punktet som sola i samspel med landskapet prikkar inn med konsentrert stråle på vinter- eller sommarsolkverv eller siste og fyrste soldagen, kanskje med ekstranummer etter at sola fyrst har gått ned. Her skal vi drøfte dei mest interessante tilfella av dette som vi kjenner, med forankring i Gloppen i Nordfjord, der dette er utforska. Det er det ikkje elles i landet, så vi vil gjerne ha deg med på ein dugnad for å få kartlagt slike ting. Gjest er Torill Kobberstad Eide, som er frå Gloppen og er ein lekperson med mykje kunnskap og entusiasme.   Innspela i Gloppen 15. juni 2024.
6/16/20241 hour, 43 minutes, 24 seconds
Episode Artwork

64. Kvifor fascinerer historia? Intervju med journalist Øyvind Arntsen, ex "Museum"

Kva er det som fascinerer oss med historia, fortida, korleis folk levde før, kva dei gjorde, tenkte og trudde i gammal tid? Dagens svar kjem frå ein som jobba som journalist med sånne tema i 20 år. Øyvind Artnsen deler nokre høgdepunkt og tankar frå denne perioden med oss. Innspela på Ås 22.12.2023
6/2/202449 minutes, 11 seconds
Episode Artwork

63. Plantar i gammalnordisk medisin, kult og myte. Samtale med arkeobotanikar Jens Heimdahl

Mat må vi ha for å leva, og mykje mat får vi frå plantar, både vi og husdyra våre. Men plantar har òg ei rolle i kult, medisin og myte. Korleis dette var i Norden i gammal tid, får du høyre litt om her. Stikkord: Lækjeurter, læknisgras, medisinplante, romarane, krydder, groblad, ryllik, kamille / kamomill, bulmeurt / villrot / bolmört, ølbrygging, pors, skvattram, humle, røsslyng / ljung, mjødurt, lauk / lök, kvitlauk / vitlök, knollhestehavre / knylhavre, lin / hør, grønsaker, hagebruk / trädgårdsbruk, fruktdyrking, planteforedling, epletre, eplemost, Oseberg-grava, valnøtter, hassel, misteltein, tistel, þistill – mistill – kistill, gullsigd, flògrogn / flygrön, tysbast / tibast, kvann, blokkebær / odon, solbær / distron / tistron / svarta vinbær. Innspela i Stockholm 26.4.2024
5/19/20241 hour, 44 minutes, 9 seconds
Episode Artwork

62. Språkmøte på vikingferder. Samtale med språkhistorikar Kristin Bech

Kunne vikingane snakke med folk i landa dei kom til, i vest, sør, aust eller nord? Forstod folk i dei landa nordisk? Kunne vikingane andre språk? Eller var det språk som var gjensidig forståelege? Framstiller litteraturen det kanskje som om språkbarrierar ikkje eksisterte? Andre stikkord: dǫnsk tunga, lingua franca, fransk, latin, frisisk; nordiske vikingtidslånord i engelsk, irsk, fransk og russisk; samisk, Bjarmeland, Ottar frå Hålogaland, kong Alfred, urnordiske lånord i finsk, nordiske stadnamn i England, Kongsspegelen, Kongespeilet, Soga om Gunnlaug Ormstunge, Leiðarvísir, Odd munks soge om Olav Tryggvason, Grágás, fornaldersoger, vendarane, babelfisk, the Hitchikers Guide to the Galaxy, kontrafaktisk historie, slaget ved Edington 878, Stamford Bridge 1066, Harald Hardråde, Matthew Townend. Innspela i HVLs Medielab 4. januar 2024.
5/5/20241 hour, 21 minutes, 59 seconds
Episode Artwork

61. Samisk offertradisjon som framleis lever. Intervju med tradisjonsberar Tom Kappfjell

Samane vart offisielt kristna på 16-1700-talet. Men i skjul levde mykje av religionen vidare ei tid, i visse miljø, og visse element i religionen har overlevd til i dag. Det er særleg offertradisjon. Den snakkar vi om i denne episoden, med ein som står i tradisjonen. Stikkord: Sørsamis religion, levande offertradisjon, landskap, offersteinar, heilage fjell, takkeoffer, samemisjonen, religionsfridom, reindrift, fornorsking. Innspela på Ås 7. november 2023.
4/21/20242 hours, 57 seconds
Episode Artwork

60. Var bygdeborgene kultanlegg? Intervju med arkeolog Jan-Henrik Fallgren

Vi har alltid lært at bygdeborgene var forsvarsanlegg som folk i omlandet kunne søke tilflukt i når det kom ufred - så kunne dei forsvara seg der. Men kanskje var det snarare kultanlegg, samlingsstader for byda, litt som kyrkjene i seinare tid? Her får du høyre eit innlegg for det synet. Andre stikkord: Öland, Eketorp, Ismantorp, Skedemosse, Hjerteskeppet, Odensala prästgård, Torshälla, hillforts, Irland, England, Kontinentet, Cæsar, Alesia, Delphi, ringforma tunanlegg, Sandtorg, tingstader, hesteløp, skeid, fågelskådning. Innspela 5. mars 2024.
4/7/20241 hour, 21 minutes, 33 seconds
Episode Artwork

59. Barneleik før og no. Samtale med kulturhistorikar Audun Kjus

Kva er leik? Kva funksjon og meining har leik, i livet og samfunnet vårt? Korleis blir leikar overførde til nye generasjonar? Korleis oppstår leikar? Kor gamle er dei sentrale leikane våre? Kva skilnad er det på barne- og vaksenleik? Finst det leikforsking? Kva seier i så fall den? Og…korleis går det med tradisjonell leik i dag? Innspela på Bygdøy 6. mars 2024.
3/24/20241 hour, 56 minutes, 38 seconds
Episode Artwork

58. Lars Mytting om segner og mytar i Hekne-trilogien

Hekne-trilogien om liv, kjærleik og tragedie i Gudbrandsdalen gjennom tre hundre år trollbind lesarane og er trykt i store opplag. Men kvifor valde Lars Mytting å bygge denne historia på segner og mytar? – Og kvifor skreiv han nokre av dei sjølv? Kvifor meiner han fortida er viktig? Romantiserer han fortida? Her får du nokre svar. Andre stikkord: Stavkyrkje, ragnarok, dommedag, Midgardsormen, nornene, biletvev, skriveprosess, forteljetradisjon, fantasylitteratur, villrein. Innspela i Oslo 14. februar 2024.
3/10/20241 hour, 43 minutes, 57 seconds
Episode Artwork

57. Draug, segling, bølgjer og mainnskit. Samtale med historikar Mariann Mathisen

Draugen er ein dauding som seglar i halv båt og varslar uvêr og forlis, eller han prøver å dra deg uti sjøen når du er i fjæra ved naustet ditt. Skal du skremme han bort, så bruk mainnskit. Korleis har førestillingane om draugen oppstått? Kan det vera fysiske og sosiale fenomen på sjøen som ligg bak? Andre stikkord: Stavkyrkje, ragnarok, dommedag, Midgardsormen, nornene, biletvev, skriveprosess, forteljetradisjon, fantasylitteratur, villrein.
2/25/20241 hour, 41 minutes, 41 seconds
Episode Artwork

56. Seiðr, spinning og ku-lokk

Den viktigaste forma for trolldom i norrøn kultur var seid. Med den kunne ein dra til seg personar eller ressursar, ein kunne skaffe opplysningar, eller spå. Seid var helst for kvinner, og det var perverst på ein eller annan måte, særleg dersom menn dreiv med det. Men korleis ein gjorde det, det seier kjeldene ingen ting om. Då må vi gjera nokre uvanlege metodegrep. Andre stikkord: seidstav, rokkehovud / distaff, vikingtidskvinnegraver, ekstatisk trolldom, rituelle spesialistar, samiske noaidar, hekser, sopelime, fisken seid, smørkatt, tjuvmjølking, vindtrolldom, gand, folketradisjon, folkloristikk, metode, hyperkritikk.
2/11/20241 hour, 26 minutes, 34 seconds
Episode Artwork

55. Estetikken i norrøn skaldedikting. Intervju med Bergsveinn Birgisson, norrønfilolog og forfattar

Dagens kultur er gjennomsyra av ein gresk-romersk estetikk som kom med kristendomen. Det fanst ein førkristen estetikk som var markant annleis, og den har vi best tilgang til gjennom den norrøne skaldediktinga, som er Nordens mest originale bidrag til verdslitteraturen. Den har eit barokt system av poetiske omskrivingar og eit a-naturalistisk stilideal som heng saman med ein minneteknikk vi kjenner frå mange munnlege kulturar. Bergsveinn Birgisson har doktorgrad på desse temaa. Innspela i HVLs Medielab 19. oktober 2023.
1/28/20241 hour, 31 minutes, 17 seconds
Episode Artwork

54. Samisk religion. Samtale med religionsvetar Konsta Kaikkonen

Kva veit vi om den førkristne religionen til samane? Likna han den norrøne religionen? Tja, han likna på ein del måter, og var ulik på andre måtar, og vi kan sjå at det var kontakt mellom religionane. Kjeldesituasjonen er vanskeleg i begge tilfella, men på ulike måtar. Kanskje er det misvisande å snakke om samisk religion?
1/14/20241 hour, 25 minutes, 28 seconds
Episode Artwork

53. Samlivsråd i vikingtida. Samtale med familiepsykolog Frode Thuen

Kva slag samlivsproblem hadde folk i vikingtida? Kva råd kunne vi ha gjeve til folk som stod i sånne problem – ut frå normene i dag, og normene den gongen? Kva var for resten normene den gongen, og korleis skilde dei seg frå dagens? Andre stikkord: Kjønnsroller, perversjon, utruskap, blodhemn, ære, status, fredløyse, snikmord, islendingsoger, kongesoger, Soga om laksdølane, Soga om Gisle Sursson, Njålssoga, Olav Tryggvason, Sigrid Storråde, Slaget ved Svolder
12/29/20231 hour, 26 minutes, 19 seconds
Episode Artwork

52. Ståle i Setesdal og Stállu hos samane – greiner av utgammal julebukktradisjon

Over store delar av Nord-Europa har det vore tradisjon for at barn og unge særleg i romjula kler seg ut og går frå hus til hus og gjer spikk og vil ha julemat og drykk. Hos oss no kallar dei fleste dette for å gå julebukk. Men i tradisjonane blir eit slikt følgje òg kalla julesveinar, julegeit og mykje anna. I Setesdal kan leiaren for eit slikt følgje kallast for Ståle. Det ser ut til å vera same ord som samisk Stállu, og i så fall viser det eit urgammalt samband i tradisjonane.
12/17/202359 minutes, 40 seconds
Episode Artwork

51. Mosegrodde forteljingar i dag. Samtale med forteljar Heidi Dahlsveen

Kan mosegrodde forteljingar som eventyr og segner ha nokon viktig plass i dagens samfunn? Ja, det er til og med viktig at dei har det. Men korleis kan dei ha det? Vi spør ein profesjonell forteljar. Andre stikkord: populærkultur, Hollywood, dataspel / dataspill / gaming, barnehage, barneskule, personleg utvikling, toleranse, kreativitet, fantasi, kunstig intelligens, Oskefisen / Oskeladden / Askeladden, munnleg kultur, forteljetradisjon, folkloristikk. Innspela i Oslo 14. oktober 2023
12/3/20231 hour, 32 minutes, 33 seconds
Episode Artwork

50. Indoeuropeisk religion. Intervju med religionshistorikar Peter Jackson Rova

Dei fleste språk i Europa stammar frå eit indoeuropeisk urspråk som truleg vart snakka på steppene nord for Svartehavet 3-4 tusen før Kristus. Ganske mykje av det urspråket kan vi rekonstruere. Men kva kan vi rekonstruere av religionen eller ideologien til dei som snakka det språket? Andre stikkord: Vedisk religion, Rigveda, sanskrit, Homer, Illiaden, Odysseen, iransk religion, gammalgresk, Håvamål, steppefolk, Ukraina, Sør-Russland, indoeuropeisk språk, komparativ historisk språkvitskap, rekonstruksjon, Dumézil, Kurgan, jamnakulturen (yamnakulturen), Zevs / Zeus, Ty / Týr, Dievas, Dievs, Perkunas, Fjǫrgyn / Fjǫrgyn, hirdskald. Innspela i Stockholm 29.09.2023.
11/19/20231 hour, 51 minutes
Episode Artwork

49. Kunne Danmark gjeninnført heidendomen i 1864? Samtale om åsatru, shinto og Japan 1868 med historikar Mark Teeuwen

På 1800-talet var Japan gjennomgripande buddhistisk. Så vart nasjonen audmjuka av USA i 1868. Då bestemde japanarane seg for å gjeninnføre religionen dei hadde hatt før verdsreligionen kom, i eit patriotisk krafttak – og klarte det, på eit vis. I 1864 opplevde danskane ei liknande nasjonal audmjuking i krigen mot Preussen. Korleis ville Danmark og Norden vore i dag dersom danskane hadde gått same vegen som japanarane? Tankeeksperimentet med Danmark 1864 mest frå 1:22:20. Innspela på Blindern 10. oktober 2023.
11/5/20231 hour, 51 minutes, 16 seconds
Episode Artwork

48. Førmoderne, folkeleg pedagogikk. Samtale med Jon Bojer Godal, nestor i tradisjonshandverk

I dag er pedagogikk eit kjempestort fag med mange teoriar og retningar og tusenvis av fagstillingar verda over. Men opplæring og kunnskapsoverføring har folk drive med til alle tider. Korleis gjorde folk det på grasrota i førmoderne tid? Kva prinsipp følgde dei? Det skal vi prøve å seia litt om her, ut frå nokre eldgamle handverk som har ubroten tradisjon fram til vår tid. Sentralt stod eit prinsipp om pedagogisk hemmeleghald, i rak motsetnad til dagens idé om læringstrykk. Innspela ved Sillongen på Toten vinternatt 2023.
10/22/20231 hour, 45 minutes, 57 seconds
Episode Artwork

47. Offersjø i jarnalderen og nøkk-tradisjon på 1800-talet - kan det ha samanheng? Samtale med arkeolog Torun Zachrisson

Finst det tilfelle der folketradisjon frå moderne tid formidlar minne om offerstader i førkristen tid? Tja, det finst i alle fall tilfelle der det er rimeleg å tru. Dagens tema er ein innsjø i Uppland der tradisjon om nøkken frå 1800-talet høver slåande med ofring av dyr og menneske i jarnalderen. Andre stikkord: Bokaren i Uppland, Menneskeoffer, hesteoffer, folketradisjon, Långbacka-Jan, meisterspelmann, hundare, Odin, Frøya, landskapsminne, grense, liminalsone, fossegrimen, näcken, strömkarlen.
10/8/20231 hour, 31 minutes, 45 seconds
Episode Artwork

46. Slavic religion. Interview with historian of religion Jiři Dynda

Our knowledge of Slavic pre-Christian religion is quite limited. This episode gives an overview of what we think we do know – and how.
9/24/20231 hour, 23 minutes, 17 seconds
Episode Artwork

45. Kva historiesyn hadde Snorre? Samtale med historikar Sverre Bagge

Skal du skrive lesverdig historie, så må du ha ein ide om kva historie er, som strukturerer dei lausrivne dataa du sit med, til meiningsfulle samanhengar. I vår tid kan ein meine at naturgrunnlaget set avgjerande rammer, eller at alt følgjer av økonomi og produksjonssystem, eller av ideologi, eller av viljen og evnene til enkeltpersonar. Kva var den strukturerande ideen til Snorre og dei andre mellomalderhistorikarane?
9/10/20231 hour, 9 minutes, 46 seconds
Episode Artwork

44. Menneskeofring. Samtale med religionshistorikar Klas Wikström af Edholm

Var det menneskeofring i førkristen tid i Norden? Det har forskarane diskutert lenge, og mange har meint at det ikkje kan vera sant. Men i ei fersk doktoravhandling svarar religionshistorikaren Klas Wikström af Edholm "ja", basert på gransking av alt tilgjengeleg skriftleg og arkeologisk materiale, og han er det vi snakkar med her. Ei popularisert utgåve av avhandlinga, "Vikingatidens människooffer", kjem 1. september. Andre stikkord: Norrøn litteratur, Kjalnesinga saga, Jómsvikinga saga, Håvamål 138, Helge Trauste, Orkneyinga saga, Kristni saga, Íslendingabók, Adam av Bremen, kalendariske offer, kongeoffer, våpenofring, blodørn, hlunnrǫð, Øverland: Du må ikke sove, Skedemosse, Uppåkra, Bokaren, Hederviken, krigslykke, Håkon jarl, jomsvikingane, Hjørungavåg, biletstein Stora Hammars, terminologi, kjeldekritikk, forskingshistorie. Innspela i Stockholm 3. mai 2023.
8/27/20231 hour, 42 minutes, 26 seconds
Episode Artwork

43. Dødsrikefjell. Samisk saajve, norrønt Helgafell - og Siggjo, Lyderhorn, Hornelen og Romsdalshorn?

Dei fleste kjenner Hel og Valhall som dødsrike i norrøn religion. I tillegg var det førestillingar om at slekta hadde eit felles dødsrikefjell i det lokale landskapet. Den tradisjonen ser det ut til at vi langt på veg delte med samane. Ein del slike fjell kan vi framleis peike ut på Island og langs den norske vestkysten, ikkje minst i samiske strøk. Den som døydde inn i eit slikt fjell, slo i ein viss forstand lag med huldrefolket, kan det sjå ut til, i alle fall hos samane. Andre stikkord: Torolv Mostrarskjegg, Moster, Sunnhordland, Soga om øyrbyggene / Eyrbyggja saga, Landnåmabok, Kaldbakshorn, Mælifell, Heilhornet, Torghatten, Lekamøya, samisk religion, sjøsamar, folkloristikk, tuftekallen / tomten / rudkallen, vitterfolket, alvane, gufihtarat, uldat, gadniha, saajve / sáiva, aemiehaajmoe, saaraahkaaajmoe, kjeldediskusjon, metode.
8/13/20231 hour, 11 minutes, 38 seconds
Episode Artwork

42. Ragnarok-myten: Nordisk, kristen eller iransk-nordisk? Samtale med religionshistorikar Anders Hultgård

I norrøn mytologi er endetidsmyten blant dei mektigaste. Gudar og jotnar barkar saman, sola sloknar, verda går opp i logar før jorda søkk i havet. Så stig ei ny jord opp og nokre av gudane kjem att til den nye verda. Mange meiner denne myten i stor grad kjem av kristen påverknad. Kva er grunnlaget for det synet, kva er motargumenta, og kva er alternativa? Den som har grave djupast i dette er den svenske religionshistorikaren Anders Hultgård, og han peikar på at gammaliransk mytologi har dei næraste parallellane. Innspela 28.4.2023 i Uppsala
7/30/20231 hour, 48 seconds
Episode Artwork

41. Lågteknologisk navigasjon. Til Vinland og Miklagard utan kart og kompass. Samtale med seglar Lena Lisdotter Börjesson

I vikingtida og mellomalderen segla forfedrane våre til Istanbul og Amerika – utan kart og kompass, for ikkje å snakke om GPS og kartplottar. Korleis fann dei fram, og kva slag modell av landskapet hadde dei i hovudet? Lena Lisdotter Börjesson har gjort mange praktiske forsøk som tyder på at med konsentrasjon og erfaring, så kan ein krysse Atlanteren med rimeleg presisjon utan noko slag navigasjonsinstrument. Fleire stikkord: Himmelretningar, orienteringssystem, mentalt kart, terminologi, roing, distanseeiningar på land og sjø. Innspela 30.6.2023
7/16/20231 hour, 36 minutes, 51 seconds
Episode Artwork

40. Stadnamna rundt oss – tidskapslar frå folk før oss

Namna på stadene rundt oss er tidskapslar som fortel kva folk la merke til og korleis dei tenkte for 200 eller 2000 år sidan. Og namna vi lagar i dag fortel mykje om vår tid og vår kultur.
7/2/20231 hour, 33 minutes, 27 seconds
Episode Artwork

39. Jonsokbål og danseplassar – stader gjenbrukte sidan førhistorisk tid

Jonsok / sankthans / midtsommar er ei stor feiring. Men kor gammal er ho, og kva var innhaldet i feiringa i gammal tid? Det får du høyre om her – og om at mange av stadene folk har feira jonsok på i moderne tid, ofte har minne om kult og folkeliv frå førkristen tid.
6/21/20231 hour, 4 minutes, 31 seconds
Episode Artwork

38. Med skriftkultur på Europa-reise i mellomalderen. Samtale med Åslaug Ommundsen og Synnøve Midtbø Myking

Nordmenn reiser mykje - i dag og i vikingtida. Men kva med den mørke mellomalderen? Då vart det vel slutt? Nei, Noreg heldt fram som dominerande skipsfartsnasjon i Nord-Europa, og kristendomen førde med seg stor internasjonal kontakt, m.a. gjennom ein skriftkultur som har gjeve oss dei viktigaste kjeldene til norrøn mytologi. Den skriftkulturen er dagens tema. Fleire stikkord: Tospråkleg skriftkultur, snakke latin, studere i Paris, internasjonale nettverk, utferdstrong, væringgarden i Miklagard / Konstantinopel / Istanbul, Gamalnorsk homiliebok, preikesamlingar, kristen litteratur, omsett litteratur, fransk litteratur, norrøn litteratur, norrøne handskrifter, tap av handskrifter, reformasjonen, kloster, boktrykkekunsten, Æsops fablar, kongsgarden på Holmen i Bergen, kongskanselliet, Riksarkivet, Nonneseter, Winchester i England, læremiddel.
6/4/20231 hour, 12 minutes, 23 seconds
Episode Artwork

37. Kva var opphavet til Loke? Eit forslag

Den seint nedskrivne tradisjonen om Loke kan sjå ut til å ha lite felles med Loke i dei norrøne mytane. Kan dei likevel ha samanheng? Ja, her får du eit forslag.
5/21/20231 hour, 47 seconds
Episode Artwork

36. Det enorme gravfeltet: Hæreid i Hardanger. Samtale med arkeolog Anne Drageset

Det suverent største gravfeltet på Vestlandet ligg i Eidfjord i Haranger. Kvifor akkurat der? Kva tykte folk var så spesielt med den staden? Svaret må liggja i landskap og geografi - resonnerer vi oss fram til, basert på landskapet rundt, ferdslevegane i området, landskapet ikring andre store gravfelt, opplysningar i dei norrøne tekstane, og samiske offerstader. - Innspela på Hæreid 22. april 2023.
5/7/20231 hour, 11 minutes, 7 seconds
Episode Artwork

35. Den seine tradisjonen om Loke - lite kjend, fascinerande og utfordrande

Loke er blant gudane vi har flest opplysningar om i dei norrøne tekstane. Men i tillegg finst det ein omfattande, lite kjend tradisjon om han nedskriven etter mellomalderen. Den tradisjonen er dagens tema. Stoffet er komplekst og vanskeleg å få tak på – slik vi kunne vente, når det gjeld Loke. Då må det bli nokre metodevurderingar òg.
4/23/20231 hour, 8 minutes, 30 seconds
Episode Artwork

34. Korleis manipulere dvergar? Lynkurs ved filolog Ugnius Vizgirda Mikučionis

I norrøn mytologi er det dvergane som lagar omtrent alle dei underfulle tinga, som bomeranghammaren til Tor og Skipet til Frøy som kan segle i lufta. Men dei vil ikkje selja noko, du må presse eller manipulere dei til å laga åt deg det du vil ha. Kvifor det? Og korleis kan du gjera det? Det får du svar på her.
4/16/202344 minutes, 6 seconds
Episode Artwork

33. Våpenet til Tor – blåseinstrument og vindkule?

Alle veit at Tor hadde ein hammar som våpen. Ikkje like mange veit at det var stor variasjon i våpenet hans. Dagens tema er vindvariantar av våpenet. Det kan sjå ut til at Tor kunne sende ut eit vindprosjektil med å blåse i skjegget, som om han blés i eit blåseinstrument, og at han kunne laga lyn og torebrak på den måten. Det kan til og med sjå ut til at han sende ut hugen sin med den vinden. Episoden bygger på denne artikkelen: https://eldar-heide.net/onewebmedia/PDFer/Kultur-%20og%20religionshistorie/Heide%202004,%20V%C3%A5penet%20til%20Tor%20jamf%C3%B8rt%20med%20gand%28r%29.pdf.
4/9/202355 minutes, 22 seconds
Episode Artwork

32. Einar Selvik om gammal kultur, musikk og meining

Einar Selvik gjer global suksess med bandet Wardruna. Kva går det musikalske prosjektet ut på, og kva meining finn han i det? Stikkord: Djup reserach, fossegrimen, folkemusikk, tidleg musikk, lyre, fidle, bronselur, bukkehorn, naturtoneskala, verdsmusikk, eigen sjanger, runer, suksess.
4/2/20231 hour, 15 minutes, 18 seconds
Episode Artwork

31. Kokegroper i arkeologi og filologi. Samtale med arkeolog Marie Ødegaard

I kokegrop, norrønt seyðir, kan ein baka mat med glovarme steinar. Denne tillagingsmåten var i Noreg særleg brukt i romartida og folkevandringstida. På somme stader finst det store felt med kokegroper frå gammal tid. Dette er særleg tingstader, kultstader og andre samlingsstader, og ein teori er at kokegroper særleg vart brukte til rituelle måltid. I denne episoden ser vi på kva arkeologisk materiale, gammalgermanske tekstar og stadnamn kan fortelja om kokegroper. - Innspela i Oslo 17.10.2022.
3/26/202336 minutes, 7 seconds
Episode Artwork

30. Samisk magisk fiske på 1100-talet

Dreiv samane med trolldom? Tja, det meinte i alle fall nordmannen som skreiv den eldste Noregs-historia, på 1100-talet. Dagens episode er ein metodestudie, der vi ser på korleis folketradisjon nedskriven i moderne tid kan vera til hjelp i tolking av tekstar frå mellomalderen. Sentrale ingrediensar er tørrfisk, blodpølse og samisk trolldom. Andre stikkord: Seid / seiðr, gand, skrei / skreið, Historia Norwegie, negativ haldning til samane.
3/19/202335 minutes, 44 seconds
Episode Artwork

29. Why are myths so weird? Interview with historian of religion Jan Kozák

Many myths are weird, in Old Norse and other mythologies. Why is that? To answer that question, we first need to answer the question of what mythology is.  Keywords: Old Norse mythology, theories about mythology, poetry, beyond the horizon, mead of poetry, Kvasir, creation of the world, Ymir, the binding of Fenrir, the unconscious, Jung. - Recorded in Prague 25. November 2022.
3/12/202338 minutes, 12 seconds
Episode Artwork

28. Fyrste sikre norske kultbygning. Samtale med arkeolog Søren Diinhoff

Hadde folk i førkristen tid eigne kultbygningar, slik vi har kyrkjer frå kristen tid? Det har forskarane diskutert lenge, men no er saka avgjord. Det var eigne kultbygningar, og i Ørsta har ein gjort fyrste sikre funn av ein slik bygning i Noreg. I denne episoden snakkar vi med Søren Diinhoff frå UiB, som leidde utgravinga, om funnet, korleis han kan seia at det er ein kultbygning, tidlegare funn elles i Norden, og om forskingshistoria når det gjeld kultbygningar. Synet på kva det er rimeleg å hevde, har svinga att og farm på fascinerande vis.  Fleire stikkord: Uppåkra, Gudme, Tissø, Lejre, Borg i Lofoten, Soga om øyrbyggene / Eyrbyggja saga, arkeologisk metode, kjeldekritikk, hyperkritikk, tverrfagleg samspel. 
3/5/202345 minutes, 19 seconds
Episode Artwork

27. Heimdall, nordstjerna og verdspålen. Ein nygammal teori

Heimdall blir gjerne rekna som den gåtefulle av dei norrøne gudane. Det er litt merkeleg, for vi har mange opplysningar om han. Men vi strevar med å få dei til å henge saman og gje meining. Her får du mitt forslag.  Stikkord: Verdspålen, himmelkvelven, Nordstjerna, rammegud, opphavstid, endetid, grensegud, far til alle, samisk mytologi, Raedie, finsk mytologi, sibirsk mytologi, stålampe. 
2/26/202348 minutes, 49 seconds
Episode Artwork

26. Fantasy-litteratur. Samtale med litteraturvetar Lykke Guanio-Uluru

Fantasy-litteratur gjenbrukar urgamle mytar og eventyr. Kvifor det? Og korleis kan denne litteraturen vera så populær, når livet i dag er fundamentalt annleis enn i den tida mytane og eventyra vart til? Stikkord: Harry Potter, J. K. Rowling, Tolkien, Ringdrotten, ChatGPT, minnekultur, kollektive forteljingar, dikteprosess, resirkulering, arketypar, Jung, tidleg psykologi, Oskeladden.
2/19/202338 minutes, 7 seconds
Episode Artwork

25. Kosmosmodellar under stjernehimmelen

Folk i gammal tid hadde ikkje folk fly og romskip. Men dei kunne observere at vi bur på ei jordskive som himmelen kvelver seg over, roterande rundt eit punkt, nemleg nordstjerna. Korleis tolka folk dette for å få samanheng  og meining? I denne episoden går vi gjennom fire kosmosmodellar som folk i nordlege strøk laga seg med å tolke desse observasjonane i lys av ting dei kjende frå dagleglivet.  Stikkord: Stjernehimmelen, naturleg lys, himmelstolpe, verdspåle, kosmisk kvern, kosmisk telt; kosmisk kvelvd kjel, jordskive, rund jord og segling, finsk tradisjon, samisk tradisjon, sibirske tradisjonar, norrøn og nordisk tradisjon. 
2/12/202347 minutes, 25 seconds
Episode Artwork

24. Herskarideologi. Samtale med religionshistorikar Olof Sundqvist

Mange forskarar meiner det var eit sakralt kongedøme i Norden i førkristen tid. Kongane stamma frå gudane, leidde den sentrale kulten og garanterte god avling og velstand i riket. Då var fallhøgda stor, og det ser ut til at kongane i ekstreme tilfelle kunne ofrast. Vi ser nærare bak kjeldene som fortel om dette og teoriane ein har brukt for å forstå dei.  Fleire stikkord: Sakralt kongedøme, uår, arveleg kongedøme, legitimitet, tyranni, allmøte og flat struktur på 70-talet, USAs grunnlov, rett til opprør, evolusjonisme, Frazers "The Golden Bough". Innspela 17.11.2022
2/5/202346 minutes, 39 seconds
Episode Artwork

23. Tabuspråk

Tabuord er ord vi helst ikkje skal bruke. I gammal tid kunne ein unngå slike ord for å halde seg inne med makter, eller for å unngå å påkalle makter, eller – for å finte ut makter. Vi har tabuord i dag òg, og nye oppstår, ofte av ideologiske grunnar. Mekanismane er til dels dei same no som før. Stikkord: Tabu, noa, godnemne, overtru, fiske, haill, banning, nestenbanning, norrøne tabu, ved Jupiter!, Beforeigners, dei underjordiske, alvane, diskriminering, likestilling. 
1/30/202350 minutes, 39 seconds
Episode Artwork

22. Eddic poems performed as drama? Interview with Terry Gunnell

The Eddic poems are our best source for Old Norse mythology. But how were they performed? Were they just sung or recited, or could some of them have been performed as drama? Terry Gunnell believes the answer is "yes" and in this episode he tells us why. Gunnell is professor of folkloristics at the University of Iceland. - Recorded in Prague 25. November 2022.
1/22/202339 minutes, 11 seconds
Episode Artwork

21. Kropp og sjel i førkristen tid

Frå kristen tradisjon kjenner vi todelinga i kropp og sjel, altså at mennesket består av ein materiell og ein ikkje-materiell del. Naturvitskapen seier at berre den materielle delen finst. Korleis tenkte folk seg dette i førkristen tid i Norden? Det snakkar vi om i denne episoden, med utgangspunkt i myten om Ask og Embla. Versjon 2, 16.01.2023
1/15/202354 minutes, 3 seconds
Episode Artwork

20. Oseberg- og Gokstad-gravene. Samtale med arkeolog Unn Pedersen

Oseberg-  og Gokstad-funna er mest kjende for dei godt bevarte skipa. Men det var òg eit fantastisk rikt gjenstandsinventar og i Oseberg dessutan eit biletteppe som truleg viser m.a. gravprosesjonen. Dermed gjev desse gravfunna eit einståande innblikk i liv og tanke på 800-talet. I denne episoden snakkar eg med arkeolog Unn Pedersen ved Universitetet i Oslo om dette.  Kvifor la folk så mykje arbeid i desse  gravene? Kva meining skapte det? Korleis fungerte dette i lokalsamfunnet? Kva slag sosial kontrakt kan ha lege bak?  Innspela i Oslo 17. oktober 2022.
1/8/202334 minutes, 49 seconds
Episode Artwork

19. Loke og Oskeladden - tvillingar, men motsett vinkla

Loke i norrøn mytologi og Oskeladden / Oskefisen i eventyra er svært like. Men historiene om dei har motsett synsvinkel, og derfor oppfattar vi dei to som svært ulike. Korleis heng dette henge saman? Kva funksjon har dei to i sine univers? Og kva er nøkkelen til suksessen deira? 
1/1/202339 minutes, 57 seconds
Episode Artwork

18. Alvedronninga som reiste heim til jul

Alvane er nemnde mange gonger i dei norrøne kjeldene, ofte i samanheng med æsene (gudane). Men vi får dårleg med opplysningar om dei. Derfor er det ekstra gledeleg å kunne argumentere for at ei alvesegn nedskriven på Island på 1840-talet ganske sikkert eksisterte på 1200-talet òg, og kanskje i førkristen tid. Segna fortel om ei alvedronning som måtte vera hos menneska, men fekk reise heim til sine eigne julenatta og få med seg feiringa der. 
12/24/202229 minutes, 9 seconds
Episode Artwork

17. På førjulsblot hos ny-heidningar

Åsatru finst som levande religion i Noreg i dag. Trur dei då at det blir torevêr fordi ein kraftkar køyrer med bukkar over himmelen og slår med hammaren sin? Er det mogeleg å blåse liv i ein religion som har vore daud i 1000 år? Eller er det kanskje ikkje det dei prøver på? Slike spørsmål får du svar på i denne samtalen med høvdingen i Åsatrufellesskapet Bifrost, spela inn i samband med førjulsblotet dei nyleg hadde i Trysil. Dei fleste vil truleg bli overraska over korleis folk i dette miljøet ser på seg sjølve og religionsprosjektet sitt. - Innspela 10.12.2022.
12/18/202235 minutes, 32 seconds
Episode Artwork

16. Ski og norrøn mytologi - Ull og Skade

I norrøn mytologi er det to som er knytte til skigåing: guden Ull og jotunkvinna eller gudinna Skade. Kva er bakgrunnen for at akkurat dei to er knytte til skigåing? Det snakkar eg med ein skimakar om i denne episoden. Då blir det òg mykje om ski og skikultur generelt i gammal tid.  Stikkord: Ski og jakt, jotunkvinne, samlivsproblem, den mest gåtefulle guden, himmelgud, saueull, aking for langt lin, sakrale stadnamn, 7000 år gammalt skifunn, skikultur i Altai, skileik, nasjonsbygging. - Innspela i Valdres 3.12.2022.
12/11/202245 minutes, 50 seconds
Episode Artwork

15. Are the Eddic poems really pre-Christian? Interview with Haukur Þorgeirsson

The Eddic poems are our best source for Old Norse mythology. But they are only handed down to us in manuscripts from the 13th century or later, two centuries or more after the conversion. What makes us believe that they really are pre-Christian and not, in fact, composed in the High Middle Ages?The research into this has made substantial progress during the latest decades. Haukur Þorgeirsson at Iceland's Árni Magnússon manuscript institute walks us through the criteria that are used.  Recorded in Helsinki 8 August 2022.
12/4/202240 minutes, 45 seconds
Episode Artwork

14. Trekantdrama og trolldom i 1324

To gamle dokument fortel om eit trekantdrama med trolldom og rettssak i Fusa ved Bergen i 1324. Kva opplysningar har vi, og korleis kan vi tolke dei? Stikkord: Forbanning, pakt med djevelen, åndeutsendingar, impotens; sverd, brød og erter i senga, fengselsstraff, tvungen pilgrimsreise. 
11/27/202222 minutes, 10 seconds
Episode Artwork

12. Odin hengd og såra med spjut, ofra til seg sjølv

I fem strofer i Håvamål fortel Odin korleis han i urtida hengde seg sjølv i verdstreet og såra seg sjølv med spjut, som offer til seg sjølv. Der hong han i ni netter og fekk derfor løyndomsfull innsikt frå jotnane, gjennom runekunst og rusdrykk. Desse strofene er blant dei mest drøfta av alle tema i norrøn religion. Vi går detaljert gjennom dei, kommenterer plasseringa i Håvamål og nemner nokre måtar dei kan tolkast på. Stikkord: Krigsguden Odin, sjølvoffer, Kristus, sibirsk sjamanisme, myrlik / moselik, mystikk / mystisisme, nyreligiøsitet, tortur, rekonstruert norrøn uttale. 
11/13/202224 minutes, 18 seconds
Episode Artwork

11. Segner.no - ressurs til tverrfaglege opplegg i skular og barnehagar

Bjørn Bjørlykke og Nils Tore Gram Økland har brukt tusenvis av timar på internettbasen segner.no sidan 1990-talet, med utgangspunkt i lærarutdanninga på Stord. Her fortel dei om tanken bak basen: å bygge ein ressurs for tverrfaglege opplegg i skular og barnehagar. Dei gjev fyldige døme på bruk av materialet i praktiske undervisningsopplegg, ofte samarbeid mellom norsk, samfunnsfag og kroppsøving.  Stikkord: Lokalhistorie, heimkunnskap, bruke kroppen, ekskursjon, storytelling, litteraturhistorie, skriveopplæring, mønsterskriving, dialekt, språkendring, skilnad mellom talemål og skriftspråk, segner og eventyr, dataspel - og tips om eit doktorgradsprosjekt som garantert gjev relevant arbeid etterpå. Korleis ein finn fram i basen, vart forklart i episoden "Segner på Vestlandet - trollskap, magi og forklaring før naturvitskapen" for to veker sidan. Der er det òg smakebitar på segnene i basen.  Innspela på Stord 27. september 2022.
11/6/202216 minutes, 21 seconds
Episode Artwork

10. Ære og kjønnsroller - sex, blodhemn og mjølkestell

Vi ser på æressystem i samband med kjønnsroller i vikingtidssamfunnet på Island slik vi møter det særleg i islendingsogene, med sideblikk til lovene vi kjenner frå høgmellomalderen. Stikkord: Analogi mellom stikket i senga og stikket på slagmarka. Menn i trong og nådelaus kjønnsrolle. Rett til å blodhemn for ymt om homofili. Mann og kone med felles ære. Underordna kvinner med stort armslag som «piskar» mennene til å hemne. Samfunn utan politi og statsmakt. Korleis var det for dei fattige? Kan vi tru på det sogene fortel?
10/30/202234 minutes, 22 seconds
Episode Artwork

9. Segner på Vestlandet - trollskap, magi og forklaring før naturvitskapen

I dag snakkar eg med Bjørn Bjørlykke og Nils Tore Gram Økland med utgangspunkt i internettbasen segner.no, som inneheld 2600 segner frå Vestlandsfylka, søkbare via tema, kart m.m. Bjørn og Nils Tore har bygd opp basen som ein ressurs for skular og barnehagar. Vi kjem inn på fossegrimen som lærde opp spelemenn og er med i fontena på Ole Bulls plass i Bergen; eit 2,5 liters drikkehorn stole frå dei underjordiske på Stord, med hjelp frå tunvorden (jf. vardøger-episoden); den magiske krafta i matkorn, stål, kyrkjeklokker, visse kjelder og namn; bergtaking, trollet som vart narra til å bygge kyrkje for bygdefolket; segna som forklarer den kjempestore Jut(l)asteinen, som ligg midt i ei bygd på Stord; og meistertjuven Gjest Bårdsen. Andre tema er kva funksjon segner kunne ha før moderne vitskap og mogelege innslag frå førkristen tid i segner nedskrivne i moderne tid.  Innspela på Stord 27. september 2022.
10/23/202239 minutes, 24 seconds
Episode Artwork

8. Det mytologiske verdsbiletet – bunde til forteljingar

Innføringsbøker om norrøn mytologi seier gjerne at ein tenkte seg verda som ei skive, med gudane og Åsgard i midten, så menneska og Midgard i ring rundt, så jotnane i Jotunheimane i ring utanom der, og  utanfor der att havet og Midgardsormen. Denne modellen er problematisk. Namnet Utgard er brukt berre éin gong, i ein underleg samanheng, og ser ein breiare i kjeldene, plasserer dei både jotnar, menneske og gudar litt her og der, slett ikkje i det ordna ringmønsteret. Derfor er det  forskarar som har meint at det ikkje var noko system. I denne podkastepisoden presenterer Eldar Heide sitt forslag, som er at det er eit system og ein modell, berre av ein annan type og på eit anna plan. Forslaget inneber at vi tek feil av kor dei mytologiske skapningane bur og _passasjane_ til der dei bur.
10/16/202238 minutes, 25 seconds
Episode Artwork

7. Ofringar i myrar og vatn. Samtale med arkeolog Julie Lund

Kvifor la folk i vikingtida dei aller finaste smykka og våpna sine i myrar og vatn? Er gullskattar i myrar og vatn avgløymde «innskot» i gammal tids «bankar», eller er dei rituelle deponeringar? Er det så stor skilnad mellom offer- eller deponeringsskikkane i eldre og yngre jarnalder som ein har meint? Let folk seg manipulere til å leggja verdigjenstandar i myrar og vatn, eller var dette meiningsfulle handlingar for frie menneske? Folk såg tydelegvis på myrar og vatn som grenseflater mot den andre verda, men korleis kan slike idear oppstå? Kva kan mellomaldertekstar og folketradisjonar seia om tankegangen bak slike ting? Samtale med arkeolog Julie Lund, fyrsteamanuensis i arkeologi ved UiO. Innspela i Oslo 26. september 2022. 
10/9/202244 minutes, 19 seconds
Episode Artwork

6. Tor - macho, latterleggjort og tvitydig

Tor ser ut til å ha vore den viktigaste guden i sluttfasen av heidendomen. Tor med hammaren, kraftkar og macho, det veit vi. Bondegud og trygg forsvarar av det etablerte samfunnet, guden som nær sagt åleine heldt jotnane i sjakk. Men så vart han latterleggjort? Hm. Og tvitydig? Altså meir komplisert enn vi oppfattar med det same? Ja, slik kan det sjå ut. - På slutten nærare om opphavet til Tor og korleis forskarane har resonnert til ulike tider. 
10/2/202229 minutes, 25 seconds
Episode Artwork

5. Finnish-Karelian and Old Norse mythology. Interview with Joonas Ahola

In this episode Joonas Ahola presents the central gods / heroes and ritual practices known from Finnish-Karelian mythology and popular traditions, and we discuss differences and similarities with Old Norse mythology. Joonas is a Finnish folklorist and Old Norse scholar at the University of Helsinki. Recorded in Helsinki 8 August 2022.
9/25/202237 minutes, 15 seconds
Episode Artwork

4. Vardøger - tanken din som varsel og drone

Eg skisserer ein flik av komplekset ikring vardøger og hug. Det dreiar seg om at vi har ei følgjeånd attmed oss, som ein variant av oss sjølve, som vi ufrivillig sender i veg til andre når vi tenkjer på dei og som dei kan merke fysisk når det skjer. Dette kan fungere som varsel, og rituelle spesialistar kan sende denne følgjeånda i veg medvete, for å skaffe opplysningar eller ressursar.  Framstillinga bygger på doktoravhandlinga mi frå 2006, Gand, seid og åndevind  
9/17/202218 minutes, 26 seconds
Episode Artwork

3. Var dei norrøne gudane på stjernehimmelen? Intervju med Gísli Sigurðsson

Slår ein opp i innføringsbøker i norrøn mytologi, så står det lite eller ingen ting om at gudane eller mytologiske strukturar kan ha samanheng med stjernehimmelen. Dersom dette stemmer, så er det overraskande, for ser ein på etniske religionar kringom i verda, er normalen at himmel-lekamane har ei viktig rolle. I dette intervjuet fortel Gísli Sigurðsson ved det islandske Árni Magnússon-instituttet om kva han er komen fram til om gudane og stjernehimmelen. Det er ein god del gode og uavhengige argument som knyter også dei norrøne gudane til stjernehimmelen. Mellom desse er truene om ulvane som jagar sola over himmelen; det har bakgrunn i eit atmosfærinsk fenomen, og vi er innom eit mogeleg samband mellom Guden Heimdall og Nordstjerna - som blir hovudtema i ein seinare podkast. Intervjuet er gjort 9. august 2022 på The International Saga Conference i Helsingfors / Tallinn. Innspela i Helsingfors 9. august 2022. 
9/4/202222 minutes, 48 seconds
Episode Artwork

2. Kjernen i norrøn religion: Det finst ikkje gratis lunsj

I denne episoden pratar Eldar med Gry om det som ser ut til å vera kjernetanken i norrøn religion, basert på forsking av Preben Meulengracht Sørensen, Gro Steinsland, Else Mundal, Margaret Clunies Ross og Jens Peter Schjødt frå 1970-talet til 1990-talet. 
9/4/202217 minutes, 35 seconds
Episode Artwork

1. Velkomen til Tru og meining i gammal tid!

Vi presenterer oss og skisserer ideane bak podkasten og ein del om innhaldet.
9/4/20229 minutes, 41 seconds